Øystein A. Vangsnes' blogg

Tromsø og framtida for samisk språk

6.2 2018 08:24

Denne teksten er opphavleg publisert som kronikk i Bladet Nordlys tysdag 6. februar 2018 og på nettstaden Nordnorsk Debatt. 

Framtida til eit språk ligg i hendene til barn og unge. Vil dei føra tidlegare generasjonars språk vidare og i så fall i kva slags form?

Alle dei samiske språka er anten trua eller særs trua ut frå UNESCOs kriterium for språks vitalitet. Det handlar mellom anna at det ikkje er mange nok barn som lærer samisk, til å halda oppe det noverande talet på språkbrukarar. Dette gjeld også det største av dei forskjellige samiske språka, nordsamisk.

NOU-rapporten Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk (NOU 2016: 18) legg vekt på behovet for å auka talet på samiske språkbrukarar, og den peiker også på at det trengst ein særleg innsats for samiske barn og unge i dei større byane slik som mellom anna Tromsø. Utdanningssystemet – barnehage og skule – speler ei viktig rolle.

I skuleåret 2017/2018 er det 1580 elevar i den norske barneskulen (trinn 1-7) som får ei eller anna form for opplæring i nordsamisk (kjelde: Grunnskolens informasjonssystem). 646 av desse elevane blir undervist etter fagplanen Nordsamisk 1, dvs. nordsamisk som førstespråk. Dei andre blir undervist etter anten Nordsamisk 2 eller Nordsamisk 3 der omfanget av undervisninga er mindre og læringsutbytet likeeins.

Av dei 1580 barneskuleelevane med samiskopplæring bur 129 i Tromsø kommune. Det utgjer 8,1% av det nasjonale talet. 58 av tromsøelevane er førstespråkselevar, og dei utgjer såleis 9% av det nasjonale talet på førstespråkselevar som er 646.

Når ein ser desse tala, er det ingen tvil om at Tromsø er ein viktig stad for forminga av framtidige brukarar av nordsamisk språk. Og dei har ikkje komme av seg sjølv: I skuleåret 2016/2017 var det samla talet på samiskelevar i Tromsøs barneskular 101 og året før der igjen 77. På to år er altså talet nesten dobla! Det skjer samtidig med at talet for heile landet berre viser ein svak oppgang i den same perioden frå 1444 til 1580: Over ein tredel av den nasjonale auken står altså Tromsø for.

Talet på elevar med samiskopplæring i Tromsøs barneskular er nær dobla på to år. Illustrasjonsfoto: Strömsunds kommun

Alt tyder difor på at det vert jobba godt og målretta med samisk språk i og rundt tromsøskolen. Fleire foreldre vel samisk for barna sine, og samiskelevar finst ved nesten alle barneskulane i kommunen: Om lag ein tredel av førstespråkselevane går i andre klassar og på andre skular enn samiskklassen ved Prestvannet skole.

Den største utfordringa for at samiske elevar i Tromsø og andre norske byar skal bli gode og trygge framtidige brukarar av samisk, er at dei lever i eit større språkmiljø som er totalt dominert av norsk. Det gjeld sjølvsagt andrespråkselevane, som møter lite eller ingen samisk utanom dei par timane med samiskundervisning i veka, og som typisk er den einaste på sitt trinn ved sin skule, gjerne undervist i lag med eit par andre frå andre trinn.

Men det gjeld òg dei som har samisk som førstespråk. Det finst ingen samiskspråkleg SFO i Tromsø, og alt av organiserte fritidsaktivitetar skjer i lag med norske barn der språket naturleg nok blir norsk. Problemet er ikkje at dei lærer seg norsk – utfordringa er å møta nok samisk i ulike samanhengar til at dei utviklar det samiske språket sitt i takt med den generelle modninga dei gjennomgår.

I desse dagar arbeider UiT saman med Tromsø kommune, og med støtte frå Samisk foreldrenettverk i Tromsø, for å etablera eit regelmessig samiskspråkleg tilbod for barneskuleelevar med samiskopplæring. Tiltaket ber namnet Romssa giellariššu som betyr ‘Tromsø språkdusj’. Tanken er å samla alle elevar som ønskjer det, kvar onsdag i den undervisningsfrie perioden frå kl. 13 til kl. 16 til aktivitetar leia av samiskspråklege studentar ved UiT.

Målet med dette tiltaket er å styrka den produktive samiskkompetansen til barna. Det vil gi elevane tre ekstra timar i veka der dei får høyra og sjølv bruka samisk, gjerne i samanhengar dei elles ikkje ville ha brukt språket. For elevar som ikkje går i samiskklassen på Prestvannet, vil dette auka tida med samisk i «øyre og munn» betrakteleg, og det er grunn til å forventa at det blir ei veldig god støtte til den ordinære samiskopplæringa deira. Også for førstespråkselevane skal det vera ein gevinst ved tiltaket, og det vil vera naturleg at tiltaket omfattar både fellesaktivitetar og aktivitetar der elevane er delt inn etter språkleg kompetanse.

Eit anna mål med tiltaket er å styrka dei sosiale banda mellom samiske elevar på tvers av dei meir enn tjue forskjellige skulane. Når dei blir samla slik ein gong i veka, vil dei få ei oppleving av kor mange dei faktisk er. Også samiskelevane på Prestvannet utgjer åleine ei lita gruppe sett opp mot alle dei andre elevane som går ved skulen.

Viss alt går etter planen, vil Romssa giellariššu starta opp hausten 2018 som eit prøveprosjekt i skuleåret 2018/2019. Prosjektet er fagleg forankra i rådgivingstenesta Fleire språk til fleire ved Institutt for språk og kultur ved UiT Noregs arktiske universitet og med ei referansegruppe med fagfolk og språkarbeidarar frå ulike delar av Sápmi. Erfaringane frå prosjektet vil bidra til å forstå korleis ein best kan driva språkleg revitalisering i ein urban kontekst, og studentane som deltek i prosjektet, vil få lærdomar om praktisk språkarbeid som vi ikkje kan gi dei i eit auditorium på universitetet.

Håpet er at Romssa giellariššu kan bli eit fast tilbod i tromsøskolen og at det blir eit av fleire tiltak som sikrar at ein by som Tromsø står for solide bidrag av framtidige samiske språkbrukarar. Altså språkbrukarar som ber vidare ein viktig del av den immaterielle kulturarven i nordområda. 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Øystein A. Vangsnes' blogg