Gresk falk spis trekkfugl frå Noreg

Eleonorafalken som hekker i Middelhavet på hausten nyt godt av trekkfugl som kjem nordfrå. Norsk forskar har filma arten over tid for å studere fuglen sin diett og døgnaktivitet. 

14.12 2014 05:00

Omlag fire femtedelar av den globale populasjonen av eleonorafalk hekkar i Hellas. Sidan den har vore i tilbakegong betraktar ein arten som ein ansvarsart i Hellas. Falken er på den internasjonale raudlista, ifølge den globale raudlista

Ronny Steen, senioringeniør ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), har studert fuglen på ei klippeøy i øygruppa Dodekanesene i Hellas. Han har forska på rovfugl med hjelp av kamera i Noreg i fleire år, og i 2010 leverte han doktoravhandling i åtferdsøkologi om Tårnfalk.

Ved hjelp av over 1000 timar med videoopptak frå skjult kamera har Steen, i samarbeid med den greske uavhengige organisasjonen Archipelagos, sett på åtferd og diett hjå eleonorafalken.

Studien vil truleg verte publisert fyrste halvdel av 2015.



Den elegante eleonorafalken flyg med eit vidt vengespenn.

Tilfeldig møte med eleonorafalken

Eleonorafalken er ein middels stor falk som reiser i lange distanser. Den er 36-42 centimeter lang med eit vengespenn på 87-104 centimeter, ifølgje Wikipedia. Den fanger og drep byttedyr i lufta, noko som kan sjå ganske spektakulært ut, ifølgje Steen. Fuglen overvintrar på Madagaskar før han hekkar oppe ved Middelhavet. 


Ronny Steen ved NMBU

- Dette er ein studie som forhåpningsvis vil vare over tid, der vi filmar kva eleonorafalken spis. Det er sånn sett interessant å sjå på fordi dette er forska lite på. Bruk av kamera har gjort forskinga lettare, seier Steen til forskning.no.

I følge den globale raudlista har Eleonorafalken tidligare vert truga av utnytting og forfølging forårsaka av lokale folk. I nyare tid har menneskeleg forstyrring med tanke på turisme, også vist seg å påverke fuglens hekkesuksess. Rotter er eit problem, og arten er sårbar for verknadane av potensiell vindkraftsutvikling.

Ifølge Steen er beitedyr også problematisk fordi dei øydelegg reir og kan beite ned vegetasjon slik skuggar forsvinn. Han foreslår å halde beitedyr vekke frå viktige hekkeområdar om hausten i Hellas.

Archipelagos som er organisasjonen Steen samarbeider med, er ein uavhengig organisasjon grunnlagt i 1998 og held til på Samos. Dei er forplikta til å forske på og forsvare det biologiske mangfaldet ved gresk hav- og øyområde. Organisasjonen har vore effektive med å formidle om dyrevern.

- Archipelagos har laga informasjonsplakatar og går ut i lokale medium med informasjon om områder som er viktige for eleonorafalken, seier Steen. Han seier at målet er at overvakingsprosjektet skal verte større og nå ut til fleire.

Ferie vart arbeid

Det var i fjor påske at Steen var på ferie i Hellas, på omvising med organisasjonen. Tilsette i Archipelagos fatta interesse då Steen fortalde om erfaringa si, og hans måte å forske med kameraustyr på. I tillegg synast Steen at fuglane er interessante fordi dyret har ein annen biologi enn rovfugl elles.

Dermed kom han tilbake til Hellas med utstyr nokre månadar seinare,  mykje fordi eleonorafalken hekkar på hausten.

- Eg har ein lei tendens til å oppsøke forskarar der eg er, og eg er særleg på utkikk etter særeigne arter for plasser eg besøker, seier Steen.

Etter den første runda med opptak i 2013 søkte Steen om midlar til reise og utstyr frå Nansonfondet. Dette fikk han og dermed reiste han ned att i september med tolv kamera på slep.


Steen bur på øya Samos ved en forskingsstasjon når han forskar på eleonorafalken. Derfrå er det ein til to timar med båt til forskingsområdet. (Foto: Giulia De Amicis)

Steen er ute etter å sjå kva slags trekkfugl eleonorafalken et, og når på døgeret han et noko. Han måler også vinden for å sjå om der er værtypar som fører til endring i diettsamansetjinga. Han peiker på at trekkfuglen kan bli mindre tilgjengeleg når det er lite vind.

- Det viktigaste på lang sikt er å sjå endring over tid, om der finnast årsvariasjonar. I første omgang blir det kanskje snakk om ei ti-årsperiode, seier Steen.

Blitt ein vanleg metode

Steen peiker på at ein på 70-talet satt med kikert i telt for å observere fuglen, men at det då var utfordrande å halde ut mellom anna med tanke på høge temperaturar. Vidare gjer det digitale utstyret det mogleg å filme dyret i hundrevis av timar utan å vere der fysisk.

Steen har brukt film som metode i forsking sidan 2003. Sidan då har metoden vorte meir og meir vanleg.

- Det å vere på staden med kikert var også ein faktor som kunne påverke fuglens åtferd, påpeiker Steen.

Det hender at byttedyr som eleonorafalken tek med seg til reira er ganske ribba, noko som skapar utfordringar sjølv om det vert filma. Men ved hjelp av kollegar frå Institutt for naturforvalting på NMBU klarer han å registrere kva trekkfugl som er fanga, ved å sjå på video og bilete.

Steen påpeiker at studien han no jobbar på er éin viktig brikke av fleire for å forstå biologien til eleonorafalken. Han seier at auka medvite om arten her heilt avgjerande for at lokalbefolkninga skal bli merksame på kor unik eleonorasfalken er for Hellas.

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Hekking

Hekking blir brukt om når fuglar parrar seg, byggjer reir, legg egg og rugar på desse fram til klekking, i tillegg til at dei oppavlar ungane

Emneord

Annonse

Annonse