- Alle leseforskarar vil vere samde i at me treng meir publisert dokumentasjon, skriv Per Henning Uppstad.

Framover mot betre dokumentasjon på testar i skolen

Debattinnlegg:

I staden for å komme i tale om betre dokumentasjon, bagatelliserer Melby-Lervåg at både Morgenbladet-overskrifta og reportasjen bidro til ein diskusjon om at testane – og ikkje dokumentasjonen av desse – stod til stryk.

14.4 2018 05:00

Leseforskarane Monica Melby Lervåg og Anne Arnesen seier at eg i min tekst Me treng betre dokumentasjon på testar i skolen påstår at dokumentasjon på testkvalitet ikkje treng vere publisert for å vere tilstrekkeleg.

Dette er inga rimeleg tolking av lesekyndige folk. Alle leseforskarar vil vere samde i at me treng meir publisert dokumentasjon.

Vurder gjerne min habilitet

Dei to insinuerer at eg har interesser i lesesenteret sine prøver, og at dette fargar det eg gjer. Til dette er det å seie at eg og ein kollega på Lesesenteret var fagfeller på denne artikkelen, og bidrog med konstruktive og kritiske innspel slik at artikkelen til slutt kunne godkjennast for publisering.

Det er til dømes på grunn av mine innspel at artikkelen har eit forslag om å bruke standarden som som grunnlag for ei sjekkliste (s. 21). Dei som ønsker å lese mine innspel og vurdere mi rolle på eit meir sjølvstendig grunnlag, kan få fagfellevurderinga tilsendt per mail ved å kontakte meg.

Habiliteten min burde også vere klår når eg i min artikkel eksplisitt løftar fram artikkelen som noko ein bør sjå til og ta på alvor. Når det gjeld spørsmålet om tilsvarande mangel på dokumentasjon i andre land, kan interesserte sjå siste avsnitt side 3 i den vitskaplege artikkelen. Der gjer forfattarane greie for ei rekke større vitskaplege arbeid som påviser store manglar i dokumentasjon av kvalitet ved testar i ulike land.   

Ingen sjølvkritikk frå formidlarane

Universitetsmiljø som utviklar prøver til bruk i skolen jobbar stadig med kvalitet, og har også føresetnader for å lage gode prøver. Desse miljøa bør kunne vere interesserte i å byggje vidare på artikkelen si påvising av manglande dokumentasjon.

Men i staden for å komme i tale om betre dokumentasjon, bagatelliserer Melby-Lervåg at både overskrifta og reportasjen bidro til ein diskusjon om at testane – og ikkje dokumentasjonen av desse – stod til stryk.

Hadde tittelen fokusert på at det var dokumentasjonen av testane som stod til stryk, ville me fått ein annan diskurs, fordi det ville vore ein påstand i tråd med den vitskaplege artikkelen. God forskingsformidling handlar om å vere presis på dei rette stadene.

Sjå til den vitskaplege artikkelen

Det konstruktive bidraget i den vitskapelege artikkelen ligg i å kommunisere ein standard, og gi ein peikepinn på korleis testane ligg i høve til ein slik standard. Dette ønsker alle i akademia velkommen.

Eg har ikkje stilt spørsmål ved den vitskaplege artikkelen, men til den populærvitskaplege framstillinga. Vridinga frå at dokumentasjonen er dårleg til at prøvane er dårlege er det eg kritiserer. Problemet er at formidlinga skapar forvirring i alle ledd i skolesystemet.

Framover mot betre dokumentasjon

Den vitskapelege artikkelen er likevel berre eit forsiktig oppspel til dei mekanismar som må kome i sving for at me skal bevege oss framover for få betre dokumentasjon på testar.

Når det gjeld digital læringsteknologi har eg tidlegare framsett eit forslag til moglege vilkår for slike mekanismar - ein dynamikk der produsentar strekk seg etter kvalitet og der kvalitet let seg gjenkjenne av lærarar. Førebiletet er den såkalla Red-dot award innan industridesign. Du kan lese meir i artikkelen Kvakksalvarar i klasserommet.  

Ei liknande tenking kunne kanskje også brukast på testar, der ein kunne bygge på den europeiske standarden i den vitskaplege artikkelen, men utvide denne. Først og fremst må den kommuniserast, slik at den blir funksjonell for både lærarar og utviklarar.

Det paradoksale er at dette arbeidet vil måtte skje på tross av Melby-Lervåg si populærvitskaplege formidling, ikkje på grunn av. Dersom dekan ved det utdanningsvitskaplege fakultet, Stein Ludvigsen, - som også figurerte i Morgenbladet - meiner at Morgenblad-artikkelen er god vare, er det dårleg nytt for forskinga si rolle i å forme framtidas skole.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse